Innovasjonsprisen 2019

Bjarte Hoff og Trond Østrem fikk innovasjonsprisen for 2019. Foto: Jonatan Ottesen

Her er vinnarane av UiT sine sentrale prisar – | UiT

Tekst: Randi Merete Solhaug 20.11.2019

Innovasjonsprisen

Innovasjonsprisen 2019 går til førsteamanuensane Trond Østrem og Bjarte Hoff ved Institutt for elektroteknologi, IVT.

Kandidatane vart nominerte for innsatsen deira i prosjektet GMV Zero, den første heilt elektriske røktarbåten i verda, utvikla i samarbeid med Grovfjord Mekaniske verksted (GMV). Erfaringa og kunnskapen deira har vore ein nøkkel til suksess for prosjektet, og dei har vist ei eineståande evne til å nytte forskingsbasert kunnskap til løysning av praktiske problem, i tett dialog og samarbeid med eit aktivt føretak. Dette har bidrege til å skape eit godt og innovativt miljø for samhandling mellom næringsliv og akademia, noko som er eit eksempel til etterfølging.

Prosjektet GMV Zero samsvarer godt med UiT sin strategi og tematiske satsingar på energi, klima, samfunn og miljø, samt teknologi. Prosjektet bidrar òg til at Noreg kan nå mål og forpliktingar ein har teke på seg gjennom Kyoto- og Parisavtalen, meiner dei som står bak nominasjonen. Kandidatane sin innsats er òg ein personifisering av UiT sine verdiar – truverd, nærleik, kreativitet og engasjement.

Trond Østrem og Bjarte Hoff har gjort ein formidabel jobb og har lykkast i utviklinga av den første elektriske brønnbåten i verda, noko som er eit solid bidrag til å redusere utslepp og forureining i ei næring som er sentral i vidare samfunnsutvikling i Noreg.

– Vi vil takke medarbeidarane våre for å gje oss arbeidsrom til å gjere det vi gjer. Grovfjord Mekaniske skal òg ha stor takk for at dei turte å tenkje store tankar, og for å ha hatt tiltru til oss.

Det sa Trond Østrem i takketalen.